fredag 25. november 2016


Brukar «Kyrkjefolk» på soknerådsmøta

Då det nyvalde soknerådet i Stedje var samla til sitt første møte seint på hausten i fjor, fekk alle medlemman ei gåve frå det avtroppande soknerådet: Kvar sitt eksemplar av Egon Askvik si bok, «Kyrkjefolk». Det å vera i soknerådet var eit nytt verv for dei alle fleste, og på vårt første møte snakka vi saman om kven vi var, om oppdraget vårt som sokneråd, og om mangfaldet mellom menneska i kyrkjelyden. Då kom det fram ein ide: Kva om vi nyttar boka «Kyrkjefolk» som satsplanke for å halda fram denne samtalen gjennom det komande året, og slik også bli betre kjende med kva som betyr noko for den einskilde, kva vi brenn for og tykkjer er viktig? Og slik vart det. Til kvart møte gjennom dette første året har to av medlemmene innleia til ein kort samtale ved at kvar av dei presenterer to av person-skildringane i boka. Først ein som dei kjenner seg att i, som dei har mykje til felles med, eller som sa noko som gav mykje gjenklang. Deretter ein som utfordra dei, ein som dei tykte var vanskeleg å forstå, eller som dei ikkje kjende seg heilt att i. Ut frå dette har det blitt mange spennande innleiande samtalar før vi har gått laus på saklistene. Samtalar om kva det er å vera kyrkjelyd og om å vera sokneråd. Om å vera kyrkjefolk, rett og slett. Takk til Egon og alle som er med i boka!
(Kjell Olav Høstaker Nordheim i Leikanger kyrkjelydsblad)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar