mandag 2. mai 2016



Me kom opp att med eit stort smil!


     Kamilla Bruheim Borlaug vart døypt 27.juni og vart konfirmert i Leikanger kyrkje pinsedag, 8.juni 2014. Her fortel ho 
    om konfirmanttida.  Frå boka "Kyrkjefolk" av Egon Askvik  Skald Forlag 2015

Eg hadde eit heilt fantastisk konfirmantår. Det fekk meg  til å  tenkja over kven eg sjølv er. På ein av turane skulle kvar av oss gå bak ein stor stein og opna eit skrin, då skulle me få sjå noko verdfullt.

Me kom opp att med eit stort smil:  I skrinet var det ein spegel. Men det er ikkje alltid lett å tenkja godt om seg sjølv. Eg-perla i Kristuskransen handlar om dette. Kristuskransen er ein perlekrans med ulike perler med ulike fargar. Kvar perle symboliserer noko i den kristne trua. Eg synest den er eit flott symbol på alt det me har gått gjennom dette året. Armbandet betyr noko for meg og eg kjem til å ta godt vare på det. Og så har det mange fine fargar, så det matchar alt.

Ei som heiter Rita
Med oss på undervisninga var ei som heiter Rita. Ho fortalde si historie. Den gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho hadde fyrst vore gjennom hjartestans og skulle endeleg byrja attende i jobb. Då kolliderte bilen ho sat på med. Ho var nær ved å døy og vart fortald at ho i alle fall vart pleietrengande resten av livet. Men ho reiste seg. Trente i rein trass. Likevel la ho ikkje skjul på at ho hadde mist mykje, både jobben sin og mannen som like etter døydde av kreft. Ho sleit med sjølvbildet og livet, og kjende seg ubrukeleg. Mykje av det ho sa, kunne me kjenna oss att i. Du er verdfull sa ho at eg-perla kviskrar.

Gud i Sogndalsdalen 
Særleg godt hugsar eg turen i Sogndalsdalen. Me fekk i oppgåve å teikna Gud. Det var ei vanskeleg oppgåve. Eg tenkjer meg nesten automatisk Gud som mann. Men eg veit ikkje, er han ei makt? Eller ei kraft? Uansett trur eg Gud, denne krafta, har skapt og framleis skapar livet på jorda. På turen i Sogndalsdalen laga me jentene ein rapp på songen Måne og sol. Det var veldig gøy!

Eg høyrer til Gud
Å vera døypt betyr for meg at eg høyrer til Gud og at eg har vakse opp i ei kristen tru. At kyrkja er heimen min, og at eg alltid er velkomen der. Eg er stolt av det eg trur på. Stolt av å vera kristen. Gjennom konfirmantåret fann eg meir ut av trua, fekk vita meir om bakgrunnen.  Eg lærte meir om Jesus og fekk lyst å lesa og læra meir om kristendommen.

Konfirmasjonsdagen
Konfirmasjonsdagen var eg i fokus. Alle var der for meg. Det var kjempefint vêr, og  eg sto tidleg opp.  Bunaden min hadde eg på meg, og eg synest eg var fin og staseleg!
Under forbøna var eg ein av dei fyrste som gjekk fram til altaret. Eg var veldig nervøs for å snubla i trappa. Tante Ann Helen, ein av fadrane mine, var med meg fram. Saman med presten la ho handa på hovudet mitt under forbøna. Eg trur ho syntest det var kjekt. Dei andre fadrane er Brith, Marius og onkel Arild. I konfirmasjonstida tenkjer du litt meir på kven som er fadrane dine.


Etter kyrkja reiste me til hotellet på Knausen og åt middag. Mamma viste bilde av familien og frå ulike epokar i livet mitt. Syster mi, Ida Maria, talte. Eg er veldig glad i henne.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar